BJØRNAFJORDEN: Stas å vera med da brønnbåten Ronja Vest la ut på sitt første oppdrag, dagen etter dåpen på Stord. Behandlingsbåten er chartra av Bremnes Seashore og Bolaks av Sølvtrans. Første jobben var på Bolaks sitt anlegg på Altaneset i Bjørnafjorden. Med starta jobbe med å dronefilma da fartøyet segla heilt innerst i Trengereidfjorden for å henta ferskvann, i dette tilfelle levert av Lerøy.
Der vart me plukka opp av mob-båt og heist opp på dekket av Ronja Vest, og starta på det som skulle bli ein lang dags ferd mot natt. Alt verka som det skulle, men første gongen tek det litt ekstra tid for å forsikra seg om at utstyret fungerer og at ein klarar å betjena det rett. Først seint på ettermiddagen var me på plass på Altaneset, der laksen skulle gjennom ferskvannsbehandling. Me fulgte prosessen steg for steg og kom oss ikkje frå fartøyet att før i 3-tida på natta.