TROVÅG/LANGEVÅG. Ny film levert til Bremnes Seashore denne veka, som dokumenterer nok eit viktig skritt i berekraftig retning for oppdretssnæringa. Ved å frakta all smolt frå landanlegg til sjø i ein dedikert smoltbåt (som ikkje vert nytta til å frakta slaktefisk) reduserer ein sjansen for smitte. Filmen er historia om den fyrste frakta av (post)smolt frå settefiskanlegget i Trovåg til merdane på Hattasteinen. Smoltbåten «Ronja Christopher» er eigt av Sølvtrans. Me gjorde opptak på Trovåg i Vikebygd den første dagen, og møtte fartøyet på Hattasteinen på Bømlo tidlig morgonen etter for å ta i mot smolten.