LODDETÅ: Når ein er ute på oppdrag så gjeld det å sjå moglegheitene. Finst det fleire historier me kan fortelja? Om dei finst, og ein har tid, får ein mykje meir att for pengane. Det var om lag slik filmen om Hans Hallaråker vart til. Lærlingen til Bremnes Seashore har gått på Austevoll vidaregåande skule og går i læra på verdas fyrste heilelektriske oppdrettsanlegg. Hans var ein ambisiøs og miljømedviten ung mann, og det slår oss stadig kor reflektert dagens ungdom er. Sjå og høyr kva dagens ungdom tenkjer om berekraft og laks!
Bremnes Seashore: Ungdomen vil ha grøne jobbar (2020) from Peter Tubaas on Vimeo.