BØMLO: Når ein ikkje er ein dugeleg triatlet sjølv, er det godt at ein kan brukast bak kamera i staden. Eg finn glede i å springa, men sykling og symjing har aldri vore mine sterkaste sider. Eg er djupt imponert over dei som meistrar alle disiplinar. Etter ein varm periode vart det regnfullt under Bømlo Triatlon 2020. Det gjorde det til ein litt mer krevjande øving for fotografen. Men eg hadde både videokamera, gopro og speilrefleks i bruk, samt at eg fekk drona i véret ved eit par høve, mellom byene. Eg fekk levert både bilete og ferdig video med høgdepunkt til oppdragsgjevar i løpet av tidleg kveld.