SVEIO: I desember har me vore på rundtur til åtte personar i dei fleste delar av Sveio kommune, for å laga Bulyst-videoar.
I disse filmane ønskjer me å sjå Sveio gjennom deira auge. Når me vitjar disse flotte menneska har me lyst til å bli betre kjent med dei, høyra om korleis kvardagen i Sveio er og få innsikt i kva som er så bra ved å bo der.
Bulyst er eit prosjekt som leiast av Atheno på vegne av Sveio kommune, og snart kjem åtte eitt minutts lange (korte) episodar til å sleppast på Instagram og Facebook. Hensikta er naturleg nok å visa fram Sveio som ein attraktiv kommune og både bu og arbeida i.