SVORTLAND: At alle barn og unge bør ha same moglegheit til å delta i fritidsaktivitetar er sjølvsagt, men skjer ikkje heilt av seg sjølv.
Bømlo kommune ser ut til å vera medvitne om at god kommunikasjon er ein viktig føresetnad for å lykkast med å utvikla samfunnet i rett retning. Me fekk i alle fall vera med og dokumentera den aller første ALLE MED-dugnaden i kommunen.
I møtet mellom skuleungdom og vaksne frå næringsliv, kommune og frivillige organisasjonar diskuterte dei korleis dei betre kunne inkludera alle som vil i fritidsaktivitetar. Ungdomen sjølv utfordra dei vaksne på dei ideane dei mente var viktige for at alle skal få sjansen til å vera «med».
ALLE MED er ein nasjonal ordning som tilbyr verktøy og kompetanse som kan gjera dialogen mellom alle målgruppene enklare. På den måte kan man auka sjansen for at ein når målet om at fleire skal kunna delta i fritidsaktivitetar.