SVORTLAND. Det klør på leggen. Så klør det i nakken. Eg skannar raskt området rundt beina mine. Joda, eg står midt i maurtua. Ungane ler hjarteleg, slik berre ungar kan le. Eg har tråkka i salaten! Me er på ein barnehage på Bømlo. Barnehagen til ungane har tatt navnet etter denne Maurtua, passande nok. Akkurat som det myldrar av ungar i barnehagen, fulle av energi og skapargledje.
Men så er det óg slik at dei minste treng litt hjelp av oss vaksne, for å få sitt potensiale ut. Det er og vår plikt som vaksne og sørgje for at dei får den moglegheiten. Og nett det var utgangspunktet for denne jobben, for folkehelseprosjektet til Bømlo kommune. Borns medverknad står sentralt i folkehelsearbeidet og i Maurtua barnehage har nytta ABCD-metodikken til å kartleggja dei ressursane dei treng for å realisera dei ideane ungane kjem med.