SVORTLAND/RUBBESTADNESET: I tre dagar til ende har me vitja dei to vidaregåande skulane i kommunen for å gjera opptak til filmen som skal fortelja framtidige søkjarar om kvardagen og studietilbodet her. Det har vore tre hektiske dagar med kreative og sporty elevar. Me har mellom anna testa bålplassen attmed Bømlo vidaregåande skule saman med elevar frå barne- og ungdomsarbeidarlina og ivrige «statistar» frå Espira Salamonskogen barnehage. Me har sett korleis dei steller pasientar på helsefag og høyrt om Løp for Livet-aksjonen. Me har óg vore ombord i skulebåten MS Klas og lært ein hel del om sveising og elektro på Rubbestadnes vidaregåande skule. Utfordringa er at ungdomskulla vert mindre, slik at det vert enno meir viktig å jobba for å holde talet på søkjarar oppe. Dersom elevtala fell over tid vil einkvar line på vidaregåande skule vera i faresonen, derfor er det viktigare enn nokon gong å visa fram kor kult og praktisk det er å gå på skule i heimkommunen. Som lærerutdanna, med undervisningskompetanse på vidaregåande skule så kjennest dette oppdraget ekstra viktig.