BØMLO: I dag fekk me bekrefta at Peter Tubaas Vestland Media er teken opp som medlem av Bømlo Næringsråd. Me er stolte over å verta ein del av ein klynge som arbeider for å betre vilkåra for næringslivet i kommunen. Dei viktigaste fokusområda er: Nær dialog med styresmaktene, promotera lokale verksemder og leggja til rette for samarbeid mellom dei – og i tillegg engasjera seg i utdanningssektoren og infrastrukturspørsmål.