STORD: Gløym garn og strikkepinnar – dette er den ekte ballonggenseren! Me filma alt i løpet av nokre hektiske timar siste dagen i mai, og no, på den siste dagen i juni kan me endeleg la resten av verda få sjå. Men enda viktigare – få høyra. Nydeleg, leiken song frå eit av mine favorittband. Takk til Nils Eivind og Ian for at eg fekk lov til å produsera musikkvideoen! Den vart utelukkande filma på «frihand» med Zhijun Crane 2 og Sony A6300 med Carl Zeiss-optikk.