MOSTERHAMN: I dag gjorde me dei fyrste opptaka med påtroppande dagleg leiar Elsa Aanensen til ein introfilm om prosjektet «Moster 2024». Det er stor stas å få sjansen til å bidra når Bømlo kommune og Vestland fylkeskommune skal markera at det er 1000 år siden Olav den hellige fekk innført kristenretten. Prosjektet er óg støtta av kulturdepartementet og vert eit jubileum for heile landet. Feiringa skal skje gjennom små og store høgdepunkt frå og med i dag og heilt fram til hovudmarkeringa om fire år. I dag vart det ein fin dag for opptak i og rundt nydelege Mosterhamn.