NESE: Våren har fått si eiga hymne! I dag har me vore i skogen, på myra og ute i havgapet for å spela inn musikkvideo til ‘Lysare kvelda’ – Åsmund Nesse og Smelta Smør si siste utgjeving. Det vart ein ljos kveld og me fekk filma det me håpa på. Men me må gjera nokre nye opptak før me er heilt i mål. Me såg mellom anna at Olivia, dottera til Tina og Åsmund, gjorde ein så strålande jobb at me ynskjer å nytta henne i ei enno meir framtredande rolle i videoen. Mitt ynskje er at at den vakre songen får ein så god video som den fortener, så me gjer oss ikke før me er nøgde!